Målet er 50 000 sentrifugar og 7 MWe elektrisk kraft. Problemet er at den same teknologien kan brukast også for militære formål. Ved å resirkulere urangassen får ein stadig høgare konsentrasjonar av U-235. Teikning: politicalcartoons. com To nervøse presidentar - Bush og Ahmainejad - med kvar sine marionettar i Midtausten. Motiva – kva vil Iran Kor mye veit vi eigentleg? Er det fortsatt aktivitetar som blir haldne skjulte? Kva er motiva? Iranarane sjølve hevdar at dei bare har fredelege mål med programmet og at alt er lagt på bordet. Andre har vanskeleg for å feste lit til det.
Iran USA livescore, videostrømming og innbyrdes resultater
USA - Iran: - Det blir en sensitiv kamp - TV2
Det er brei semje (konsensus) i Iran om atomprogrammet som høgteknologisk prestisjeprogram. Rett nok er det ulike syn på den utanrikspolitiske handsaminga av det – Ahmadinejad blir kritisert for å velje største motstands veg med sine provokatoriske ytringar – men også kritikarane vil drive programmet vidare. Sjølv om Iran har mange maktsentra, bygger programmet og utanrikspolitikken på konsensus i øvre maktsjikt. Blant dei er øvste leiar Ali Kamenei og leiaren for det nasjonale tryggingsrådet, Ali Larijani. President Ahmadinejad er blitt mindre viktig etter kvart.
USAs landslag redigerte Irans flagg: – Regimet kommer - NRK
Landet er no også nær ved å fullføre eit pilotanlegg i Natanz med 3000 sentrifugar. Teknisk sett kan dette gi nok høganrika uran for 1–2 bomber av Hiroshima-type pr. år. Å utvikle slike våpen er forholdsvis enkelt: I 1945 var USA rimeleg trygg på at Hiroshimabomba, som også var basert på høganrika uran, ville verke sjølv om den ikkje var testa. I april 2007, under eittårsmarkeringa for oppstarten av anlegget, erklærte iranske talsmenn at dei no er budde til å starte anriking i industriell skala.
Nytt håp for atomavtalen? - Folk og Forsvar
Slik trener Iran på krig mot USA og Israel - VGTV
Han har liten sjanse til å bli attvald, men ikkje på grunn av holdninga til atomprogrammet: Det er den dårlege økonomiske stoda og ulike andre innanrikspolitiske spørsmål og utanrikspolitiske utspel som svekker stillinga hans. Konsensuskravet understøttar inntrykket av at Iran ikkje vil forlate den kursen som er vald.
Den militære opptrappinga omfattar to hangarskipsgrupper. Ei tredje er på veg: Den skal kanskje erstatte ei av dei to, men ei tid kan det bli tre slike grupper i området. I tillegg til flya og kryssarrakettar på skip og u-båtar kan USA bruke bombefly frå heimebasar i USA og Storbritannia og frå basar i regionen, mellom anna Diego Garcia i Det indiske havet, som har vokst mye dei siste åra. Trusselen om bruk av militær makt er derfor heilt tydeleg. Om våpna faktisk vil bli brukt, er ei anna sak. Atomprogram eller atomvåpenprogram? Da oljeprisen gikk sterkt opp på 1970-talet, starta sjahen – Reza Pahlavi – eit omfattande kjernefysisk program.
Men Iran trekte denne retten til kontroll da saka blei brakt inn for Tryggingsrådet i februar 2006. Det kritiske elementet er anrikinga, som er basert på sentrifugar som spinn med stor fart og som skil dei tunge U-238- isotopane frå det spaltbare U-235. Iran har produsert ei stor mengd urangass (UF6), som er den formen uranet må ha når det blir mata inn i sentrifugane.
I dag er ikkje IAEA lenger i stand til å gjøre meir med dei uteståande spørsmåla. Etter kvart som presset mot Iran aukar, reagerer styresmaktene med å redusere byråets arbeidskår. Etter å ha stansa dei frivillige inspeksjonane og gått tilbake på tilleggsprotokollen – Iran ratifiserte den aldri, men let likevel IAEA praktisere den mellom seinhausten 2004 og våren 2006 – har landet no også trekt seg frå eit punkt i standardavtalen: Iranarane vil ikkje lenger gi IAEA designinformasjon om nye anlegg som er under planlegging, men avgrense seg til å informere byrået 180 dagar før slike anlegg blir sette i drift. Dei trekker seg frå avtalepliktene etter kvart som presset mot landet aukar, med utmelding av ikkjespreiingsavtalen (NPT) som endestasjon. Etter kvart som innsynet blir avgrensa, aukar uvissa om kva som går føre seg. Det gir større fridom for Iran og forsterka mistanke i omverda.
Israel seier seg overtydd om at det framleis finst hemmelege anlegg i landet. USA seier mest det same: Iranarane kunngjør bare så mye som dei må for ikkje å bli tatt i juks på nytt. Ei anna tolking går ut på at alt som har med spaltbart materiale å gjøre, er rapportert til IAEA, men at det som eventuelt er gjort med ikkje-kjernefysiske delar av kjernefysiske våpen – våpendesign, utløysingsmekanismar, tilpassing av sprengladningar til avleveringsmiddel – framleis blir halde hemmeleg. IAEA har ikkje rett til å leite etter slike prosjekt i noe fall, og å tale opent om dei ville vere å skyte seg sjølv i foten.
Europeiske og amerikanske selskap konkurrerte om oppdraga. Da ayatolla Khomeini kom til makta i 1979, blei programmet stansa: Ayatollaen viste inga interesse for kjernefysiske spørsmål. Men på midten av 1980- talet, mens krigen med Irak raste (1980–1988), blei det ny framdrift i det. Iran begynte å samarbeide med eit illegalt nettverk leia av den pakistanske atombombas far, Ahmad Qadeer Khan. Dei tilbaud teknologi for anriking av uran.
USA opphever noen Iran-sanksjoner - E24